Det første turnstevnet i Ytre Arna.
I 1929 vart det for første gong arrangert kretsturnstevne i Ytre Arna. Åpninga av dagen var storslått:
Med Arne Musikforening i brodden mønstra heile troppen på Aasgaardskaien. Der låg M/B Reigstad klar for tur på fjorden i morgonsola for å møta Laksevåg og Salhus som kom sjøvegen. Snart dukka flaggpryda skip opp nordom Breisteinslandet, og hjartelege hurrarop kløyvde solmetta morgonluft. M/B Reigstad snudde og tok teten, og med full musikk bar det innover fjorden med kurs for Garnes for å møta vossingane. På den måten fekk heile Ytre Arna sjå mottakinga der staden ligg amfiteatralsk oppetter avsatsane.
Ved Samhold venta oddingane som hadde kome med bil, og den store forbrødringa rundt eit veldekka frokostbord sette foreløpig punktum for mottakingsseremonien.
Og oppmarsjen til sjølve stevnet stod heller ikkje tilbake:
Frå den gamle skuleplassen oppe i Haugen, der turnforeninga i sin barndom starta opp. var det oppmarsj med Arne musikforening i spissen. Med flagg og vaiande turnfaner bar det gjennom Ytre Arna til stevneplassen på Tøftna.
Arna turn og idrettslag gjorde sine saker bra på fellesgymnastikken både for herrar og damer. For spesialoppvisninga fekk Arna god presse i bergensavisene.
Og ikkje minst, Arna turn og idrettslag kunne seia seg vel fornøgd med eit flott arrangement.
Bildet viser Arna sin dametropp på stevnet. På forrige side både herre- og dametroppen i 1929.