Krig og samanslåing.

Under krigen måtte kreative evner takast i bruk. Det synlege, organiserte arbeidet laut kvila, men kroppen måtte haldast i form. I Mannskoret sitt navn vart det arrangert skirenn, og løa og køyrebrua i Liæ vart omskapt til turnsal med svingstang, skranke og hest. Ein idrettsfest i Hordvik sette merke etter seg. Sætregårdens låve var pynta med nasjonale fargar, og bunadskledde jenter kom med rømmegraut og spekemat.

På bildet vert freden feira på Idrettens dag 26.august 1945. Etter oppmarsj gjennom Ytre Arna enda ein opp på stevneplassen på Sætre der ikkje minst denne pyramiden gjorde inntrykk.

Styret i Arna turn og idrettslag i 1949.

Hos turnarane og idrettsungdommen som hadde vore illegalt aktive under krigen, vaks det fra eit sterkt ønske om sammenslåing av Arna turn og idrettslag og det andre idrettslaget på staden, Fyk. Fyk hadde i hovedsak hatt friidrett, ski og fotball på programmet.

Alt i 1944 hadde kvart lag møte der dei drøfta dette, og 5.juli 1945 vart samlinga vedtatt. Navnet skulle vera Arna turn og idrettslag.