Instruksjonsproblemet løyser seg.

I 1916 løyser instruksjonsproblemet seg. Med Mikkel Reigstad går Arne turnforeningen inn i ei ny tid. Han var ein aktiv idrettsmann som hevda seg i toppen i friidrett, på ski, i segling og i turn. Men det er som instruktør og formann han verkeleg set spor etter seg etter seg.

På bildet av turntroppen i 1917 sit han som nummer to frå venstre i midten.

Bildet på neste side viser turnarane frå Arna på Vestlanske Turnstevne på Møhlenpris i Bergen. Dette var elddåpen for turnarane frå Arna som ikkje hadde vore "utanfor stovedøra før".

Dei representerte no Arna turn og idrettslag. Både friidrett og ski hadde kome inn som aktivitetar, og det var naturleg med navnebytet som kom i 1918.