Barneturngruppa.

Barneturngruppa. I vår vår det 10 barn på Gymleik 4 år, 15-20 på Gymleik 5-6 år og rundt 10 barn Turn Aktiv 7-9 år.

Lenge vart juleoppvisningane for barn halde på Kulturhuset Sentrum. Dei siste åra har oppvisninga vore i gymnastikksalen på siste treninga før jul. Då får dei små visa stolte foreldre og besteforeldre kva dei har lært om hausten. Julenissen kjem, og så kan ein ta juleferie.

Gry Nesheim har hatt barnepartia i mange år.

Barneturnarar på juleoppvisning.

Turnhistoria begynte då nokre tekstilarbeidarar stifta Arne turnforening i 1889. Og den sluttar foreløpig her med barneturn i Kulturhuset Sentrum.

Utan Arnold Nævdal si bok "100 års idrettsliv i Ytre Arna" frå 1989 hadde det vore umogleg å lage denne forteljinga. Boka skildrar på ein framifrå måte det rike foreningslivet i Ytre Arna der ikkje minst turnforeninga var ein viktig del.

Store delar av denne forteljinga er direkte sitat frå Arnold Nævdal si bok. Tusen takk til han.