Ole Hansen var den første formannen i turnforeninga.

Det første styret bestod elles av: Andreas Petersen, viceformand, Ole Hole, casserer, Iver Fyllinge, sekretær, Ole Mjelde, tøivært.

Etter eit år er medlemstalet kome opp i 43. Av desse er ti passive medlemmer. Dette er truleg kvinner som vil støtte foreninga Men kvinnene kom ikkje med i aktiv idrett før i 1922.

Tidleg fekk turnarane festdrakt.

Tøiverten må ha gjort ein god jobb, for turnarane fekk festdrakt tidleg. På bildet har Mons Hermannsen pynta seg til 17.mai.

I 1893 hadde dei fått uniformer. Til buksene hadde dei kjøpt "seildug i Arne Bomuldsfabrik" for 20 kroner, og for 73 kroner hadde dei fått 21 "Trikordskjorter" frå Lars S. Eides Strikkeforretning.