Vestlandsmestrar.
I ein tiårsperiode frå slutten av 1940-talet fostra Arna turn og idrettslag ei rekke konkurranseturnarar som hevda seg heilt i toppen på Vestlandet.
I 1951 vann Arna Vestlandsmesterskapet i lagturn . På bildet ser vi framme frå venstre: Svein Lien, Nils Lien, Magnus Lien. Bak: Arne Endresen, Olav Rønhovde, Andreas Lien. I tillegg var Olav Hansen og Ole Faugstad med i troppen som stod for denne bragda.
Arna markerte seg no verkeleg i turnsporten i Hordaland, og kretsmesterskap både i 1949 og 1953 i enkeltmannsturn vart lagt til Samhold. Fleire av arnagutane tok sigrar i desse konkurransane i åra framover.