Turnarane kjem i hus.

Med sin linjegymnastikk og turnprogram var det avgjerande for Arne Turnforening å få hus både til øvingar og framsyningar.

I 1893 sendte Lese- og samtalelaget "Fram" ut innbyding til alle aktive lag på staden, "Musikken", "Sangen", "Turnforeningen" og "Avholdsforeningen" om å koma sammen om å bygga eit nytt forsamlingshus.

Alle reagerte positivt, og fram til åpninga av "Samhold" i 1897 var det ei hektisk byggeverksemd. Huset vart i stor grad bygd på dugnad, og her var sjølvsagt dei spreke turnarane viktige. Verste jobben var å få grunnmuren på plass. Etter ein lang arbeidsdag var det å stilla på byggeplassen og slepa på stein frå bergsida mellom Bankaskiftet og Orfallet. Medlemmene i foreningane måtte i tillegg betala inn 10 øre veka til byggefondet.

Denne svære dugnadsinnsatsen gjekk naturleg nok ut over foreninga sitt vanlege øvingsprogram i denne perioden.