Arnadamene reiser framleis på turnstevne.

Det heile starta med herreturn då Arne turnforening vart stifta i 1889. Men rundt 1960 gjekk det tilbake med herreturn.

Damene som hadde kome med i 1922 skulle visa seg å halde ut mykje lenger. Anny Norvik Kalsås gjorde eit framifrå arbeid som instruktør på 1950-talet, og skal ha mykje av æra for at dameturn stod så sterkt desse åra.

Bildet viser dametroppen på 1950-talet. Anny Norvik Kalsås til høgre.

Dametroppen til Arna på turnstevne i Haugsund i 1991.

Kretsturnstevna var noko mange damer i Arna berre måtte ha med seg.

Den som har flest er Agnes Aadland med på 51 Kretsturnstevne i tillegg til fleire Vestlandsstevne og Landsstevne. Det første stevnet ho var med på var på slutten av 1950-talet, det siste i 2019.

Lagbilde Dameturn Kretsturnstevne på Stord i 2022.

Framleis deltar Arna turn og idrettslag med dametroppar på Kretsturnstevna. Godt kvalifiserte instruktørar har ført den stolte arven arven vidare. Borgny Træen Brudvik, Berit Kvamstø og Gro Nesheim er blant desse. Gro Nesheim har halde på sidan 1995.