Så kjem damene.

Så kjem endeleg damene. Hausten 1922 kom dametroppen i Arna turn og idrettslag i gang med trening under leiing av Mikkel Reigstad.

Første oppvisning hadde dei i 1924 på heimebane i Ytre Arna og hausta "meget bifall". Same året drog både herre-og dametroppen til Salhus og hausta applaus for oppvisninga. Dette var ledd i ein opptrappingsplan.

Det som venta var kretsturnstevnet på Voss i 1925, det første kretsturnstevnet der damer fekk vera med. Arna meldte på ti damer til stevnet. Dei er å rekna som pionerar for dameturn i Hordaland, og det var dei som måtte ta leiinga i fellestroppen.

I meldinga etter stevnet heiter det: "Her mener jeg vores damer har gjort en veldig innsats i propagandaen for kvindegymnastikkens utbredelse i Hordaland".

Bildet er frå dette stevnet.