Idrettsutøvarar frå Fyk i 1925

Året 1926 blei eit merkeår for idrettslaget Fyk då Einar Brudvik, nr. 2 frå venstre på bildet, slo igjennom som kretsmeister i tresteg, nr. 2 i høgde og nr. 3 i lengde. Det blei pengeinnsamling for å sende han til Noregsmeisterskapet i Oslo, der han blei nr. 3. Ellers tok han kretsrekorden i tresteg med 14.05. Den rekorden stod i fleire tiår. Det står respekt av den rekorden når ein tenkjer på treningstilhøva på den tida.

Det blei nokre skrante år for Fyk frå 1929 då Einar Brudvik flytta til Bergen. Då han flytta tilbake til Ytre Arna i 1935, tok friidretten seg opp att.