Gnistrande stafettsesong
Den gnistrande stafettsesongen fortsatte i 1946, og oppslutninga var god med omlag 30-40 aktive. Birger Tvedt sitt moderne treningsopplegg vart nytta. Intens utetrening 3-4 gonger i veka, innetrening på Sentrum: gymnastikk ein gong i veka og saman med turngruppa ein gong i veka. Etterkvart var talet på troppen omlag 20 etter det harde treningsopplegget.
Arna vant Vossastafetten i kl. B, men hadde betre tid enn dei som stilte i kl. A! Ytre Arna sitt seierslag var: Johannes Blindheim, Olav Haugland, Leon Kalsås, Sigurd Eide, Agnar Fotland, Lyder Hansen, Gunnar Langeland og Arthur Mikkelsen. Nokre av dei spreke gutane er med på dette bildet. Arna gutane fekk vandrepokalen i fleire år.
Andre stafettkonkurransar Arnagutane gjorde det godt i: nr. 2 i Norna-stafetten i Salhus, Norrøna- og Brann- stafetten. Seier i Odda og nr. 3 i Nymark- stafetten. Det blei ikkje råd til å sende gutane over fjellet til Holmenkollstafetten.
Arnagutane gjorde det godt individuelt også dei neste åra: blant anna er det verdt å nevne Olav Haugland som deltok i Noregsmeisterskap i terrengløp og blei nr.18! Det var flust med kretsmeistrar frå Arna: Magnus Halland, Sigurd Eide, Johan Hansen, Olav Haugland med 4 titlar, Adolf Haugland, Olav Rønhovde i jr. klassen i høgde (1948) og Just Johansen i terrengløp.