Fykande framgang på friidrettsbana
I tida etter å ha fått eigen friidrettsbane, tek Arna gutane for seg. I 1951 blei det fem gullmedaljar og fire sølv i ulike greiner i kretsmeisterskap. Odd Brudvik sette kretsrekord for junior i høgde og i femkamp.
I 1954 vart Ivar Fjellanger kretsmeister i kule og Olav Rønhovde i tresteg. Men interessa for friidrett var ellers laber, dei fleste aktive hadde gått over til fotball. Den solide fanebæraren for friidrett, Einar Brudvik, tok tak igjen og satte fart på arbeidet.
Eirik Brudvik vart juniorkretsmester, to gull i 1955 og eit i 1956. Geir Brudvik (til høgre på bildet) kom til å bli den aller fremste.
John Vikne (nr.2 frå høgre) sette klubbrekordmed 7.3 på 60m. Han var langt framme på resultatlista på krets- og nasjonalt nivå også i tresteg og lengdehopp. Elles hevda Birger Rolland seg på mellomdistansane.
I jubileumsåret 1959 var friidrettsgruppa representerte i 27 idrettsarrangement utanom i Ytre Arna. Gruppa tok med seg heim 10 kretsmeisterskap. No var tida for damer sterkt representert på krets-og nasjonalt nivå ved Karin Halland og Aud Vevle.
På bildet: Friidrettskarar frå Arna, kretsmeistrar på 4x100m stafett i 1960. Frå venstre: Arne Fredheim, Ragnar Rolland, John Vikne og Geir Brudvik.