Nye unggutar blir rekruttert.
Einar Brudvik, midt på bildet, vakte interessa hos nye unggutar innan friidrett frå året 1935. På medlemsmøte 24. april 1935 blei det bestemt: nye medlemmar måtte teiknast, og eit nytt styre måtte til. Dermed blei det eit nytt framgangsrikt friidretts- eventyr grunnlagt. Johannes Blindheim var sekretær og ihuga idrettsmann innan fotball, friidrett og ski. Ja, for om vintrane var det både skirenn og skøyter som gjaldt.
Andre viktige personar som ikkje må gløymast er idrettslegen og "idrettspedagogen" Birger Tvedt som vart engasjert som trenar og rettleiar saman med Einar Brudvik. Idrettslaget Fyk arrangerte blant anna kretsmeisterskap i terrengløp i 1937.
I 1938 står Fyk også som stafettspesialistar. Dei var med på stafettstevne på ulike stader i Bergen og omegn der dei vann det meste av stafettane. Dei var og med på Skjalg-stafetten i Stavanger der dei blei nr. 2.