Illegal idrett

I dei vonde åra 1940-1945 der "ulvane" herja, viste idretten seg til å vere gleda, og å halde kropp og sjel i form. Ikkje minst var det ei samlanda lagånd. Idrettsungdomen i Arna ville ikkje dikterast av framandmakta som nekta dei å driva med idrett.

I desse åra blei det arrangert fleire konkurransar, vel å merka seg under dekknavn Arne Sangforening og Arna Mannskor. Verdt å nevne er Sætrestafetten i Åsane i 1944 med idrettsfest ute i Hordvik: "Det som huskes av de som var med er den festlige avslutningen. Sætregårdens låve var pynta med nasjonale farger, og bunadskledde jenter kom med rømmegrøt og spekekjøtt!"

Andre illegale konkurransar ein kan nevne var på Osterøy ved Revheimsmyra, idrettsleikar for vaksne og barn på Sætre i Ytre Arna. Det blei arrangert klubbmeisterskap. Og på Skansemyren i Bergen blei det halde friidrettsstevne med blant anna overlegen seier til Olav Haugland på 3000 m i 1944.

På bildet: Fabrikkgarden på Sætre. Det mørke huset er hovudhuset, løa ligg rett bak, parken ligg til venstre for løa. På Sætregarden ble det drive med ulik idrettar i mange år fram til nye stadion blei ferdig i 1951.

Bildet på neste side viser raske friidrettskarar i 1946.