Tøftna som idrettsplass

For ein meir egna stad til trening måtte dei til med pikka og spade på Bjørkhaugen for utjamning og laga hoppgrop. Etter kvart kom spørsmål om fotball kunne vere ein del av friidrettslaget Fyk. Unggutane som starta Fyk var jo fascinerte av fotball, og dei som tidlegare hadde spelt fotball, meinte det var ein god ide`.

Tøftna, der Ytre Arna skule ligg i dag, er haugen til venstre på bildet. Det vart framstøyt frå Fyk om å gjera noko med plassen på Tøftna. På styremøte i 1924 vart det vedteke pliktarbeid på plassen og opptak av lån på kr. 2000,-. Vidare blei det skrive kontrakt mellom garden Lien og idrettslaget om bortleige av plassen i fleire år mot ei årleg leige av kr. 60,-.

Det var skrante tider i Arne Fabrikker så medlemskontingenten måtte setjast ned, og fleire folk utanom idretten hadde ledige hender. Nokre av dei ledige arbeidsfolka fekk arbeide på Tøftna for ein liten slant.

Idrettslaget Fyk er fem år og har markert sitt vesle jubileum. Likevel kjenner dei seg "heimlause". Sjølv om plassen Tøftna er ferdig, tilfredsstiller plassen berre til trening. Fotballkampar kunne dei spela på ulike stader som på Bustevollen på Haugland.