Sægardsbakken og friidrett

I 1910 prøvde Arne Turnforening å starta med friidrett. Det var vanskeleg, sidan det ikkje var lett å finna høveleg plass til slike aktivitetar i Ytre Arna.

I 1921starta idrettslaget "Fyk" å trene på Bjørkhaugen og Sægardsbakken. Seinare brukte dei skuleplassen i Haugen og gymbygget.

Dei laga strenge reglar som: "Du skal ikkje røykja"" og: "Du skal lyda trenaren under øvingar". Den første regelen vart vanskeleg å etterleva, så den vart endra til: "Du skal ikkje røykja under øvingane".