Idrettslaget Fyk.

Det var ein gong...heiter det i eventyra. Lat oss kalla unggutane Johan (12 år), Mons (14 år), Alfred (14 år), Einar (12 år) og Edvin (13 år). Åra var rundt 1918. Unggutane likte å spela fotball, men alle hadde ikkje lersko. For då å "leika" saman blei det til at dei kunne vere på "Garden" på Sætre. Der var det hoppegrop, og for høgdehopp med heimelaga stativ, ikkje var det lekter til å hoppe over, ei snor fekk greie seg. Ved gamleskulen hadde dei 100 m bane og spydkast. 400 m blei avvikla ved Sægardsbakken (som vist på bildet). Fleire av unggutane skulle vise seg seinare å bli store idrettsutøvarar på krinsnivå og på nasjonalt plan.

Dette var starten på eit eventyr som skulle bli eit sant eventyr då unggutane starta idrettslaget Fyk. I februar 1921 blei idrettslaget Fyk stifta med eige styre. For å få pengar inn i kassen blei det innkassert kontingent og utlodning måtte til. Dette gjekk til innkjøp av idrettsapparat. Kula skaffa dei i Arne Fabrikker, diskos var utlånt frå Arna turn og idrettslag.