Publikum på Arna stadion på midten av 1960-talet
Dei er årvakne. Ikkje ein feilpasning, ikkje eit hoftefeste, ikkje ein linjemann som viftar feil offside, smyg seg unna dette ekspertpanelet. Pent oppdressa - for ein viktig søndagskamp hadde høgtid i seg på midten av sekstitalet. Bak til venstre står Sverre Haugland, Lars Magne Markhus og Reidar Loftås. Framme: Konrad Unneland, Malvin Reigstad, Magnus Steinsland, Bjørn Blindheim med Irene Blindheim på fanget og Thorbjørn Blindheim.
Dei var mange som tok turen på Arna sine heimekampar på denne tida. 300-400 kanskje 500 hundre var ikkje uvanleg å sjå entusiastisk heiande på det gode Arna-laget. Stod Sandviken på motsatt banehalvdel kunne temperaturen og entusiasmen bli sydlansk. Nett som mot Dale på 50-talet.