Til Antwerpen i 1964
I 1963 er laget på topp i Midthordland og rykkar opp i 3. divisjon. Året etter kjem nok eit oppsving: Laget reiser heilt til Antwerpen som representasjonslag for Velferden i Handelsflåten. På fabrikkstaden får dei kjendisstatus. Men det sportslege oppsvinget tar slutt med ein ny trenar som ikkje fungerer. Junioravdelinga derimot er godt dreve.