Fotballen når ny høgder

I 1962 har pila peika oppover i nokre år og hovedstyret idrettslaget seier i årsmeldinga: "det kan ikkje vera tvil om at fotballgruppa er tyngdepunktet i laget sitt arbeid. Både sportsleg og med tanke på arbeid elles, har gruppa hatt eit toppår i 1962".

På bildet ser vi laget som dette året blir kretsmester i 3. divisjon. Trenaren, Erling Bremerthun med bakgrunn som spelar på Voss og i Brann, blir sterkt framheva som ein suksessfaktor. Ellers blir fleire av desse spelarane sentrale på gode Arna-lag dei neste 10-15 åra.