Ytre Arna FK

På 1970- og 1980-talet var det mange som spelte fotball i Arna. A-, B- og C-lag var i aksjon på gras og grus på Arna stadion. I 1985 vart det starta ein ny klubb: Ytre Arna FK. Den starta nederst i 8. divisjon, men klatra etter nokre år eit hakk opp. Laget var eit fint tilbod til dei som ville bruka litt mindre tid på fotball enn det satsing på A-lags fotball krev. Men i 1994 klarte ikkje laget å tromma saman nok spelarar til vidare satsing.