Skal sei dei er blitt proffe

Bergensavisene refererte om "skreddersydde pasninger, drivende indreløpere og drømmeskudd i mål". Gode treningar, treningsleir på Sandane og talentfulle og motiverte spelarar gav resultat i 1962. Fotballstyret var truleg inspirert av proffklubbar i England då dei oppretta ein eigen UK. Det var denne uttakingskomiteen som bestemte laget, og styret hadde tru på at dette ville løfta laget enno nokre hakk. Ei nymotens ordning som sikkert også hadde sine baksider.

På bildet ser vi frå venstre Agnar Mikkelsen, Anker Vevle og Fridtjof Mjelde.