Idrettslaget Herding i 1945
Interessa for fotball var stor i Ytre Arna etter krigen. På Haugland stiftar dei Idrettslaget Herding i 1945 med fotball, handball og friidrett på programmet. Fotballspelarane kjem frå bygda og heimebana er på Grindemyrane på Haugland/Kalsås. Draktene er stålgråe trøyer med gul stafasje og gule bukser. I 1948 vann dei 6 kampar, tre blei uavgjorte og tre enda med tap. Herding spelte i ein lågare divisjon enn Arna TIL.
I 1953 reiser "halve" laget i militæret og laget dukkar ikkje opp igjen på resultatlistene, men fleire av dei gode spelarane melder overgang til Arna.