Bustevollen ny bane for Fyk i 1926

På Bustevollen som er det øverste bruket nordvest på Haugland, leiga Fyk "bane" hos Hermann Kronen frå 1926. Med ein del dugnadsinnsats blei banetilhøvet forbetra. "For fotballens vedkommende må 1926 betraktes som et absolutt gjennombruddsår", skriv formannen, Haakon Reigstad i årsmeldinga.

Og det viktigaste: Erkerivalen Dale blei slått 8-0!

Fotballen humpar vidare på Bustevollen

Grasmatta på Bustevollen var ikkje heilt Wembley og heradsagronomen blei konsultert. Gardseigar Kronen utførte forbetringane og 5 års leigekontrakt fram til 1935 blei teikna. Men det ferske laget sleit med kontinuiteten på trenarsida og det var eit slit å skaffa nok inntekter til drifta. 1935 blei siste året for fotballaget Fyk med dei karakteristiske lilla draktene med gul stafasje.