Fotballaget Fyk i 1925
Arna Turnforening hadde ikkje fotball eller friidrett på programmet. Idrettslaget Fyk blei stifta i 1921 med friidrett som hovedaktivitet, men i 1924 blei det bestemt at også fotballen skulle sparkast i Ytre Arna. Men kva bane skulle ein bruka?
Vi ser her det eldste bildet av eit fotballag i Arna på myra til Gustav Gaupås i 1925, og laget slo Eidsvåg 2-1. Men denne "bana" var ikkje ideell og treningane blei lagt til Tøftna(dagens skuleplass i Ytre Arna), ei lita grusbane på Festtangen, på myra nedanfor Janusfabrikken på Espeland og Sundland på Osterøy. "Godt" at det berre var 2-3 dagars arbeidsveke i fabrikkane på denne tida; reisevegen tatt i betraktning.