Sanitetsforeningen var viktig under krigen
I ei vanskeleg tid som under andre verdenskrig vart sanitetsforeningen enda viktigare.
"Samhold" var beslaglagt av tyskarane frå sommaren 1940 til februar 1941, så då måtte møta haldast heime hos kvarandre.
Utdeling av mjølk var ei av dei store oppgavene, og det vart halde foredrag som "Krisekosthold".
Etter bombinga og eksplosjonen i Bergen i 1944 sende foreininga 12 pyjamasar for barn, 15 par sokkar, 5 lange barnestrømpar, 12 par herrestrømpar, 100 bleier og ein gensar.
Norhytta i Varegga fekk ein førstehjelpskoffert.
Og gjennom svenske Norgeshjelpen delte sanitetsforeininga ut suppe til skulebarn. Suppen blei kokt på det nybygde Sentrum. I alt 46 650 supperasjonar i 1945!