Styrtbad for skulebarna

I 1929 gjorde sanitetsforeininga ein avtale med styret i Folkebadet at badet skulle vera åpent annakvar veke for at skulebarna skulle få styrtbad. Sanitetsforeininga bar kostnadene for dette, og ordninga varte til etter krigen.

I 1944 gav foreininga 5000 kroner til nytt bad.

Kontrollstasjon for småbarn og gravide kvinner

I 1938 starta sanitetsforeininga kontrollstasjon for småbarn og gravide kvinner. Stasjonen vart åpna på doktor Røe sitt kontor. Det var kjøpt inn ei babyvekt til kroner 46,46. Barnekontrollen var frå 1 til 7 år.

Denne babyvekta vart brukt i fleire tiår, og mang ein unge i Ytre Arna har ein gong lege på denne.

Vekt og høgdemålar

Både vekt og høgd på barna måtte målast.