Sal av fastelavensris sidan 1963
Eit skikkelg fastelavensris av beste merke må vera av ei ungbjørk, helst med knoppar på. Og så bør riset ha ti forskjellige fargar. I alle fall over sju.
Det luktar kaffi og bjørk, og fjører i alle fargar flyt rundt på golvet. Det er sanitetskvinnene som lagar til fastelavensris.
Dei gjer alt sjølve. Først er det å henta bjørkeriset i skogen, om dei så må vassa til knes i snø. Så er det tid for pynting, og siste etappe er å gå frå hus til hus og selja risa.
Den viktigste inntektskjelda
Ytre Arna Sanitetsforening starta sal av fastelavensris i 1963. Ris-salet er den viktigste inntektskjelda til foreininga.
På bildet ser vi Hilde Kalland Prestegård, Siren Kristin Taule og Marit Austnes klar til å ta fatt på salsrunden.