Gustava Bruvik, "Søster Gustava".
Gustava Bruvik, "Søster Gustava" var sjukepleiar løna av Ytre Arna Sanitetsforening i fleire tiår. Ho begynte som vikar i 1935. I 1957 vart ho fast tilsett. Det var eit stort arbeidspress på sjukepleiar, så ho fekk fri annakvar helg og ein halv fridag i veka.
Gustava Bruvik, 75 år.
Etter at Ytre Arna Sanitetsforening har løna eigen sjukepleiar i 65 år, blir dette overtatt av kommunen i 1975. På dette tidspunkt har framleis Gustava Bruvik spedbarnskontrollen.