Sanitetsbasaren
Sanitetsbasaren er ei av årets storhendingar i Ytre Arna. Den må folk ha med seg.
Den første basaren vart halde i 1910, og sidan har basarane gitt store inntekter i laget si kasse. Fabrikken, butikkane og andre verksemder gav ofte store gåver til basarane.
Mange, helst kvinner, har opp gjennom åra brukt mangfoldige timar til å brodere, strikka, sy og hekla dei flottaste dukar, løparar, sengeteppe og dokkeklede du kunne tenke deg.
Og når det blei opplyst "No trekker vi på årene", blei det snart klart om du kunne gå heimatt som ein av kveldens vinnarar. Kanskje med fruktkorga i hendene.
Og inntektene frå basarane er kjærkomne. I 2006 brukte sanitetsforeininga nesten 50 000 kroner til trivselstiltak for eldre i Ytre Arna og 13 000 til barn og unge. I tillegg støtta dei forsking på mellom anna kreft, revmatisme og psykiske lidingar.