Kampen mot tuberkulosen

I tillegg til å få sjukepleiar var kampen mot tuberkulosen den viktigste oppgava for sanitetsforeininga den første tida.

Alt i 1912 heldt Gudrun Kolderup foredrag om "Barnetuberkulose", og det vart oppretta eit tuberkulosefond. Pengar frå dette fondet brukte dei mellom anna til å dela ut mjølk til famliiar som var truga av tuberkulose. Så fekk dei i alle fall den næringa.

Sanitetsforeininga hjelpte sjuke til å koma seg til behandling. I 1912 garanterte foreininga for ein tuberkulosesjuk på Luster sanatorium i tre månader. Andre gonger galdt det behandling på Hagavik Kysthospital. Og det vart gitt lysbehandling til pasientar. I 1932 fekk foreininga spørsmål om "hjelp til klær til tuberkuløs pike".

I årsmeldinga i 1930 går det fram at sjukepleiaren hadde hatt 727 sjukebesøk hos tuberkuløse.