Sjukepleiar vert tilsett

Alt i 1910 tok sanitetsforeninga til å laga gevinstar til ein basar som skulle haldast i mars 1911. Inntektene av denne skulle gå til arbeidet med å få tilsett sjukepleiar på staden.

Fabrikken løyvde 300 kroner kvart år til løn for sjukepleiar mot at denne skulle bu på Gamleheimen.

Dei to første sjukepleiarane i Ytre Arna var Karen Vorå (1911-1917) og Marianna Hansen (1917-1921).

Ytre Arna Sanitetsforening lønna sjukepleiar på staden til 1975! Først då tok kommunen over.

Årspengane i saniteten var frå først av 25 øre. I 1912 vart det auka til 1 krone, og denne summen heldt seg til etter 1945. Medlemmene fekk fri sjukerøkt.