Tannhelse og undersøking av skulebarn

Også tannhelsa var Ytre Arna Sanitetsforening tidleg ute med. Tannlege Aasgaard held foredrag om tenner og tannpleie både i 1927 og 1928. Saniteten tok og kostnaden med å skaffa eit tanngebiss.

Elevar ved Ytre Arna skule i 1929.

I april 1927 starta skulebarnundersøking for første klasse i Ytre Arna. 14 gutar og 14 jenter var til undersøking. Eit par år seinare vart undersøkinga utvida til også å gjelda 7. klasse.

Bildet viser elevar ved Ytre Arna skule i 1929. Nokre av desse barna var dei første som fekk helseundersøking.