Ein hard kjelktransport
Torbjørn Blindheim fortel om den desidert hardaste kjelketransporten han var med på. Dei andre som var med var Geir Stensrud, Jan Terje Njåstad og Svein Ekanger.
Dei hadde vakt på Torfinnsheimen og fekk beskjed om ein skada person på Gråsida. Han skulle fraktast heilt ned til Hodnaberg. Dette var før snøskuteren si tid. Dei frakta mannen ned Kvålsdalen over Songresetrane, ein lang distanse i vanskeleg terreng. Eit stykke var det så bratt at dei måtte dei ta av skiene, og skaren bar ikkje.
Den skada hadde knekt lårhalsen og hadde veldige smerter. Han fekk noko smertelindrande , men heile tida høyrde dei skrik.
Heile turen tok 5-6 timar, men dei kom ned til slutt. Der tok helsepersonell over, og dei fekk betasuppe frå ein hytteeigar som forstod strabasane dei hadde hatt.
Men etter betasuppa måtte dei komma seg opp igjen til Torfinnsheimen, den bratte bakken ved røyrgata.