Ambulansetenesta blei ein viktig del av hjelpekorpset på 1970-talet

I 1972 ville Bergen Kommune trekke ambulansen inn til Bergen og la Arna vere utan ambulanseteneste. Hjelpekorpset og andre starta ein underskriftskampanje for å få behalde ambulansen. Og dei vann fram.

Bildet viser den første ambulansen (kodlo) ein Mercedes 207, 76 mod

Ambulansekjøring

12 mann frå korpset fekk ambulanseopplæring, og hjelpekorpset bemanna ambulanse kveldar, natt og helger frå 1974 til 1977.

Etter kvart fekk hjelpekorpset fleire og fleire oppgaver. Dei blei tilkalt ved trafikkulykker og leiteaksjonar, og korpset tok og på seg sanitetsvakt ved idrettsstevne som Arnaløpet, City Nordløpet og sykkelrittet Bergen-Voss.

Då Bergen Travpark blei flytta til Åsane i 1985, hadde korpset i mange år sanitetsvakt der, noko som gav ei sikker inntekt.

Første aksjon på Åsane Senter

På 1980-talet retta hjelpekorpset auga mot Åsane, og det blei mellom anna halde demonstrasjonar om førstehjelp på Åsane Senter. Det vart rekruttert medlemmer frå Åsane, og i 1987 vart navnet endra til Arna og Åsane Røde Kors Hjelpekorps. På bildet er Gunnar Sagstad og Harald Bratli med på ein slik aksjon.

Samme året vart det bestemt at Gamleskulen i Ytre Arna skulle rivast, og hjelpekorpset fekk nye klubblokale i "Sentrum".