Brev frå Norges Røde kors ved oppstarten av Ytre Arna Røde Kors Hjelpekorps i 1955

Norges Røde Kors gratulerer Ytre Arna Røde Kors Hjelpekorps med oppstarten og løyver 200 kroner.

Navnet blei snart endra til Arna Røde Kors Hjelpekorps.

På dei første kursa var det Johannes Steinsland og Karl Riise som var instruktørar.

Øvingar vart halde i Tuftadalen og i Lia.

Fritzie og Bjørn Blindheim var to drivkrefter i Arna Røde Kors Hjelpekorps i ei årrekke

Bjørn Blindheim var med i det første styret, og la ned eit stort arbeid for hjelpekorpset i mange år.

Fritzie og Bjørn fortel i eit eit intervju nokre år seinare at det var lett å få medlemmer den første tida. På stiftingsmøtet laga dei seg ei liste med 32 personar som dei skulle kontakta. Mange svarte ja, og på den måten blei det rikeleg med folk.

Diplom for Fritzie Blindheim for å ha gjennomført førstehjelpskurs i 1955

Korpset hadde ein driftig gjeng med jenter som arrangerte basarar og anna inntektsgivande arbeid. Fritzie Blindheim var ei av dei. Dei hadde ein syklubb som gjekk på rundtur blant jentene, og basarane blei halde i Samhold.

Og Fritzie gjennomførte førstehjelpskurs første året.