Arna Røde Kors Hjelpekorps bygger eiga hytte

Arna Folkebad måtte vika då Arnegården skulle byggast i 1960. Hjelpekorpset fekk tilbod om å få bygget mot at dei stod for rivinga sjølve. Materialane vart køyrt til Kvamskogen.

Bygging av hytta på Kvamskogen

Hjelpekorpset hadde sikra seg ei hyttetomt på Kvamskogen. Våren 1963 begynte arbeidet med å reisa hytta. Byggekomiteen bestod av Johannes Steinsland, Ingolf Froestad og Bjørn Blindheim. Det vart lagt ned eit stort dugnadsarbeid.

Hytta til Arna og Åsane Røde Kors på Kvamskogen etter utbygginga i 1994

I 1964 stod Røde Kors-hytta ferdig. Den fekk navnet Krossbu og blei eit naturleg samlingspunkt for medlemmene, og hjelpekorpset kunne ta den i bruk ved helgevaktene og påskevakta.

På 1970-talet vart det lagt inn straum, skifta tak og vindauge, og i 1994 vart det bygd eit tilbygg med bad, WC, tørkerom og vedbod.