Første sledetransport for Arna Røde Kors Hjelpekorps

Vintervaktene på Kvamskogen og Hodnaberg var heilt frå begynnelsen den viktigste oppgava til hjelpekorpset. Dei første åra var det å ta skia fatt når det var utrykking. Det var stor stas då dei fekk sin første Magnussen-kjelke. Det var mange lange og tunge turar med kjelken, når ein til dømes måtte henta ein skada person på Kvitingen.

Første påskevakt var på Hodnaberg i 1956

Hjelpekorpset hadde fått lånt Nera-hytta. Seinare låg dei på hytta til Voss Utferdslag, Torfinnsheim.

Ein påske hadde dei som hadde vakt på Kvamskogen seks kjelketransportar på ein dag i området Mødalen-Såta ned til Ungdomsheimen. Det var hardt for åtte mann.

Mødalselet var base for vintervakta i mange år

Arna Røde Kors Hjelpekorps fekk tidleg kontakt med hjelpekorpset i Norheimsund. Dei to korpsa heldt felles øvingar på Kvamskogen.

Dei første åra hadde hjelpekorpset påskevakt i to sel i Mødalen. Vakta vart delt med Norheimsund, og patruljen gjekk sammen til såta.