"Alle" gjekk i barnelosjen.
I 1909 vart barnelosjen "Gro" stifta. Den hadde møte i Samhold annankvar mandag. Frå rundt 1920 var medlemstalet kom opp i over 100, og slik heldt det seg til ut i 1950-åra.
På møta fekk barna høyra om alkoholen og alle farane den fører med seg. Det vart fortalt eventyr, det vart sunge, lest opp frå barnebladet "Magne" , og det vart og sett av tid til leik.
I dei første åra hende det at mange av gutane "røykte seg ut". Dei braut lovnaden om å ikkje bruka tobakk.
I over 20 år før krigen arrangerte barnelosjen sammen med søndagsskulen ein tur for barn og foreldre med dampbåten Johan Jebsen kvar sommar. Dei reiste til ulike stader ved Sørfjorden og Osterfjorden. Arne Musikforening var med og spela, og dette gjorde nok og sitt til at turane samla mykje folk.
Etter krigen var Magnus Olsen primus motor for barnelosjen. Det er uvisst kor lenge barnelosjen dreiv. Utover på 1960-talet kom det til andre tilbod for barn og ungdom, som musikkkorps, fotball, turn og speidar.
Bildet viser barnelosjen i april 1945.