Kampen mot alkoholen.
Nokre år rett etter stiftinga arrangerte losjen sammen med fråhaldslaget demonstrasjon på fråhaldsfolket sin deg. Også i 1938 og 1939 var det store demonstrasjonstog.
I 1895 hadde heradstyret vedtatt at det ikkje skulle seljast alkohol i Ytre Arna. Men alt året etter vart det klaga over ulovleg ølsal på staden. Øvstetemplar, som var tittelen på leiaren, peika då ut eit par medlemmer som fekk i oppdrag å sjå etter slikt og gi melding til losjen.
Losjen sende og inn klagar til lensmannen om ulovleg ølsal på ein fjordabåt, og losjen tok opp med styret i Samhold at det vart nytta rusmiddel ved tilstellingar her.
I 1929 køyrde ein bil frå eit bryggeri Bergen rundt i Arna og selde øl. Sammen med fråhaldslaga sende losjen brev til heradstyret. Heradstyret vedtok då å nekta dette.
Før folkeavstemmingane om alkoholforbod i 1919 og 1926 var Losje Trygg svært aktiv. Dei må ha gjort godt arbeid. I 1919 var det 1539 stemmer mot sal av brennevin i landet, berre 222 mot. I 1926 var tala 1634 og 346.
Bildet viser nokre av Losje Trygg sine medlemmer rundt år 1900.