Losje Trygg vart stifta 28.mai 1895.

Losje Trygg tilhøyrde den internasjonale Godtemplarordenen som ut frå eit religiøst grunnsyn arbeider for edruskap og fred, og for å fremja idealet om brorskap mellom alle folk utan omsyn til stand, rase, religiøst eller politisk syn.

Ordenen vart grunnlagt i Amerika i 1851.

Godtemplarlosjane var bygd hierarkisk opp med leiarar og vanlege medlemmer. For å bli tatt opp måtte du avlegge eit edruskapsløfte. På møta var det faste ritual, og medlemmene var iført regalier, leiarane raude og vanlege medlemmer kvite. Leiarane hadde titlar som Øvstetemplar og Visetemplar, Marsjal, Kapellan og Organist. Ved begynnelsen av møta måtte du avlegge passord. Alt dette var symbol som bandt medlemmane sammen.