Losje Trygg fekk tildelt mandagane i Samhold.

Dei første møta til Losjen vart halde i Forsamlingshuset.

Men no var arbeidet med å reisa Samhold i gang, og losjen vart invitert til å vera med som ein av eigarane. Så tok losjen til med å samla inn pengar og delta på dugnader.

I 1897 stod huset ferdig. Dei ulike organisasjonane fekk kvar sin kveld til møta sin, og Losje Trygg fekk tildelt mandagane.

Kvar mandag fekk dei behalde til 1919. Då klaga lag som hadde fått tildelt fredag og lørdag på at dette var vanskelege dagar å få folk til møta. Då måtte Losje Trygg gi frå seg ein mandag i månaden. Det var mange i losjen som syntest dette var ille. Så seint som i 1933 klaga losjen til Samhold sitt styre og kravde å få att den ein møtekvelden dei hadde mista.