Frå 40-årsjubileet til Losje Trygg i Samhold i 1935.
Medlemstalet i Losjen låg lenge mellom 50 og 100. Det året dette bildet vart tatt var det vel 50 medlemmer, men det steig raskt i åra atter dette. I 1945 var det 144 medlemmer.
Frå 1895 til 1955 heldt Losje Trygg 1988 møte. Dei første tiåra var det møte kvar mandag og aldri snakk om å ta ferie. I år 1900 var det til og med møte 1.juledag.
I 1916 var det nokre som ymta frampå om å ta ferie ei tid midt på sommaren, men då sa Hans J. Hanssen at det gjorde han vondt å høyra at nokon kunne foreslå dette. Men i tida etter dette vart det møtefri om sommaren.
På møta var det variert innhald. Det var talar og foredrag, det vart sunge, og det vart lest høgt frå bøker og blad. Det var skodespel og folkeviseleik. Medlemmer som hadde vore på reiser, fortalde om desse. I 1950 vart lovene endra slik at det vart tillte å ha dans med på programmet.
Det ser ut til at den religiøse biten ikkje var særleg framtredande.