Peder Svendsen grunnla Losje Trygg i Ytre Arna i 1895.
Peder Svendsen var ein reisetalar for Godtemplarordenen.Han var fleire gonger i Ytre Arna, og etter eit møte i 1895 vart Losje Trygg stifta på staden.
I møteboka heiter det: "Efter to glimrende foredrag av hr. emissær Svendsen blev det på det andet møte efter opfordring fra hr. Svendsen tegnet 22 medlemmer til oprettelse av en godtemplarlosje på stadet".
Det må seiast at Peder Svendsen fekk utført mykje. Han reiste både i Norge, Sverige og Amerika. Han heldt rundt 15 000 foredrag og stifta 300 losjar.