Losjebevegelsen stod sterkt.

Godtemplarlosjer fann ein overalt i første halvdel av 1900-talet. Losje Trygg besøkte og fekk besøk av mange slike. Alt i 1903 fekk dei besøk av "Standhaftighet 7". Særleg tett var samarbeidet med losjane "Hordaland" på Dale og "Herfangen" på Vaksdal. Også med fråhaldslaget var samarbeidet tett. Dei arrangerte mange turar sammen.

I 1951 var Trygg med på ei agitasjonsferd til Espeland. To fulle bussar med folk frå Åsane og Ytre Arna drog dit, og Espelandshallen var nesten fullsett på møtet. Trygg stelte i stand liknande tilskipingar i Samhold med fulle hus.

Og losjane hadde fargerike navn. På Nesttun heitte losjen "Lyskasteren". Andre losjar i området heitte "Morgenrøden", "Skjoldborg", "Haabets stjerne" og "Rudningen".

Bildet viser studieringen til Losje Trygg som starta opp i 1935.