Losje Trygg i april 1945.
Forrige bilde viste ombudsmennene og ombudskvinnene i 1945.
I 1945 feira Losje Trygg 50-årsjubileum. Først var det eit festmøte i Samhold med gjester frå Storlosjen, Distriktslosjen og andre losjar i nærleiken. Det vart så delt ut diplom til dei som hadde frå 25 til 50 års medlemskap. Ingebrigt Hansen, Johan Rongved og Ingvald Brekke hadde vore medlemer sidan 1895.
Etter dette møtet var det festsamkome i det nybygde Sentrum. Til jubileet vart det laga eit festskrift som tok for seg Losje Trygg si historie.
I 1945 var medlemstalet 144, og til 1955 heldt det seg på rundt 150.
Etter 1955 har vi ikkje meir opplysningar om Losje Trygg. Kjenner nokon til om losjen heldt fram etter dette, gi oss eit ord.