Arbeidarane og organisasjonane i 1890. Arne totalavholdsforening hadde rundt 140 medlemmer no, så mange av personane på bildet var medlemmer.
I åra etter stiftinga var kampen for å få slutt på skjenking på staden det viktigste for avholdsforeninga. Laget sendte kvart år underskriftslister om stopp i skjenkinga. I heradstyret var det usemje om kravet skulle takast til følge. I 1887 uttalte fleirtalet i heradstyret at det var uvisst om protestskrivet gav noko rett uttrykk for folket si meining. Fråhaldsfolket hadde brukt for hardt press for å få folk til å skrive under. Såleis hadde barn blitt tatt med.
Dei neste åra var det skjenking eitt år og forbod det neste. Men i 1893 vann avholdsforeninga sin kamp fram. Med ordførar Veseth si dobbeltstemme vedtok Haus heradstyre å avslå søknaden om skjenkeløyve. Andrè dreiv gjestgjeveriet i to år til, men då la han ned og reiste frå staden.
Etter 1895 var det slutt på alt sal av alkohol i Ytre Arna.