Rallarar.
Då arbeidet med Vossebanen var i gang frå slutten av 1870-talet vart det endå verre med drikkinga. Dei omflakkande rallarane var nok ikkje mors beste barn. Det var eventyrlystne unggutar som hadde ein levemåte som skilde seg frå bygdefolket.
Medan dei arbeidde i nærleiken, tok dei seg drikketurar til fabrikkstaden, Då kunne gå hardt for seg med drikk og slagsmål seg i mellom eller med folket på staden. Mellom unggutane i Ytre Arna vart det rekna for eit godt karsstykke å "banka sluskane".