Kvinnelege medlemmer i Arne Totalavholdsforening
Av 190 medlemmer av Arne totalavholdsforening i 1892 var 107 kvinner. At kvinnene engasjerte seg så sterkt kom nok av at det ofte var dei som kjende mest på dei negative følgene av alkoholen på kroppen.
Revheim skriv: "Laurdagskveldane kunne mennene sitja på "Sjappen" til både klokka tolv og eitt. Konene kom og såg etter mennene sine. Dei var leie for at mennene sette seg der, og lova at det som vart borga på "Sjappen" aldri skulle betalast ".
Dersom mannen drakk opp løna, hang familieøkonomien i ein tynn tråd. Og det var nok heller ikkje særleg stas å få ein full mann heim igjen om kvelden.