Arne Totalavholdsforening er med og bygger Samhold.

Ved utgangen av 1892 var det 190 medlemmer i Arne totalavholdsforening. 51 menn, 107 kvinner og 32 barn. Det hadde dette året kome 69 nye medlemmer, 5 var utmelde, 4 bortreist, 1 død og "11 er faldne ved drik".

I 1895 og 1896 vart det arrangert demonstrasjonstog i Ytre Arna på fråhaldsfolket sin dag. Lag blei stifta i Indre Arna, og fråhaldslaga var dei laga med desidert flest medlemmer i desse åra.

I 1893 gjekk avholdsforeninga sammen med andre organisasjonar på staden sammen om å reisa eit nytt forsamlingslokale. I byggeperioden nedla medlemmene eit stort dugnadsarbeid, og dei måtte kvar veke betale 10 øre til byggefondet.

Men vedtaket skapte uro i laget. Dei religiøse medlemmane meinte at det nye huset ikkje ville fremja det som godt var. Der ville ungdommen samla seg til dans og spel, og kanskje drykk og. 42 medlemmer melde seg ut og danna "Arne Nye Avholdslag".

I 1897 stod "Samhold" ferdig. Laga som eigde huset disponerte det kvar sin dag i veka. Arne totalavholdsforening delte onsdagskveldane med Lese- og Samtalelaget "Fram".